RØRSLA FOR FRIVILLIG UTRYDJING AV
MENNESKEARTA

– Måtte vi leve lenge og døy ut
Ei utfasing av menneskerasen ved å slutte å formeire oss, frivillig, vil
gjere det mogleg for Jordas biosfære å bli frisk att. Sardin-i-tønne-forhold
og manglar på ressursar kjem til å betre seg medan vi blir færre.
OM RØRSLA
Kva er Rørsla for frivillig utrydjing av menneskearta?
VHEMT (uttala vihiment, engelsk for ’heftig, valdsam’) er ei rørsle, og ikkje
ein organisasjon. Det er ei rørsle av menneske som bryr seg om livet på
Jorda. Vi er ikkje ei gruppe av misantropiske, antisosiale individ som frydar
seg når menneske blir skada. Det er om lag så langt unna sanninga du kan
kome. Frivillig utrydjing av menneska er det humanitære alternativet til
menneskelege katastrofar.
Vi masar ikkje om korleis menneskerasen har vist seg å bli ein grådig,
umoralsk parasitt på ei jordoverflate som ein gong var sunn. Den typen
negativitet fører ikkje til noka løysing på problemet.
Rørsla vår tilbyr i staden for eit oppmuntrande alternativ til kjenslelause
og totale øydelegginga av liv på Jorda.
Som VHEMT-frivillige veit, er det optimistiske alternativet til utdøyinga av
millionvis av artar, utdøyinga av éi art: homo sapiens – oss.
Kvar gong ein av oss vel å ikkje leggje til endå fleire av oss til dei
stimande milliardane som allereie herjar denne utslitne planeten, skin ei
stråle av håp gjennom mørkret.
Når alle menneske vel å slutte å formeire seg, vil økosystema på Jorda få ein
sjanse til å returnere til tidlegare tider, og alle gjenlevande skapningar
kjem til å kunne leve, døy, utvikle seg (dersom dei trur på utviklingslæra),
og vil kanskje døy ut, slik så mange av naturens ”eksperiment” har gjort før
i historia åt planeten. Liv på Jorda vil på nytt oppleve gode forhold.
Det kjem til å krevje innsats frå alle oss.
Meiner de verkeleg alvor?
Ja.
Mange ser humoren i Rørsla og trur at vi ikkje kan meine alt dette på alvor,
men til trass for alvoret i både situasjonen og rørsla, finst det rom for
humor. Utan humor hadde faktisk Jordas noverande forhold blitt utoleleg
deprimerande – litt humor legg ein dempar på alvoret.
Det er sant at dyre- og planteliv som døyr ut medan vi snakkar og 40.000
barnedødsfall kvar dag ikkje er noko å le av, men korkje latter eller sorg
vil endre det som skjer. Vi kan like så godt ha det litt moro medan vi
arbeider mot ei betre verd.
Dessutan er det å føre Jorda attende til utgangspunktet og gjere ein slutt på
unødvendig liding glade tankar – det gjev inga meining å kaste bort tid med å
klage og sørgje.
Animasjonar av Nina Paley
Det kan ta ei tid å laste desse, men det er vel verdt tida.

”Storken” – tre minutt
Små lukkepakkar leverte av den mytiske storken, med naturlege
konsekvensar.

”Visdomen åt kreftceller” – fire og eit halvt minutt
Kva ville kreftceller sagt dersom dei hadde menneskelege uttrykksmåtar?

”Fertil A/S”
Hjelp for dei lite fruktbare med storøkonomien i ryggen.
Reaksjonar på VHEMT frå vitjarar, med svar frå Les (Engelsk):
Samde, usamde,
misforståingar I, misforståingar II
Tilfeldige spørsmål og svar
Relaterte lenkjer
Lenkjer om VHEMT
1996 – 2008 Les U. Knight
Andre copyrights tilhøyrer originale kjelder.
Ansvarleg gjengjeving (Engelsk).
